I tråd med utviklinga elles i samfunnet kan me ikkje la vår kjære Strandvik hengja etter, dermed erklærer me herved Strandvik inn i data-alderen ved å lansere oss sjølv på den verdsvide veven.
Planen for denne nettstaden er å ha ein felles plass for informasjon, nyhende og diskusjon kring Strandvik for innbyggarane, hyttefolk og elles interesserte.
Til å byrja med vil de finna nyhende, og ein aktivitetskalender over hendingar i bygda.
Me vil jobba med å utvikla sida vidare, så du kan sjå fram til bla. lengre artiklar og turkart.
Til no består redaksjons gruppa av:
Cathrin Rustøen
Tone Andreassen Vik
Åse Andersen
Lars Kristian Kvåle
Peter-Hans de Zwarte
For å klara å drive ein nettstad som dette treng me DEG!
Er du interessert i å vera med og halda sida oppdatert, skrive nyhende og artiklar osv? Kontakt oss her.
Om du ikkje er særleg skrivelysten så treng me deg likevel i form av informasjon. DU må tipsa oss om ting som skjer i bygda, ting du saknar og elles andre ting du vil at denne nettstaden skal innehalde.
Sist men ikkje minst: Ikkje nøl med å delta i ein diskusjon, eller berre gje ein liten kommentar i kommentarfeltet som du finn under kvar nyhende eller artikkel ↓ .