Tradisjonen tru vart det bål i Handelslagsfjæra jonsokaftan i år òg.
Mange hjelparar stilte opp på kort varsel og stabla opp både pallar, kvist og plank. Rykta seier at også store maskiner vart tatt i bruk.
Klokka 19:00 skulle bålet tennast. For å setja ein ekstra spiss på feiringa i år, varta vêrgudane opp med nokre durabelege skybrot tidlegare på dagen. Det var nok mange som lurte på om det vart bål i det heile. Men, det var ingen grunn å uroe seg. Bålet tok seg flott ut, og vart beundra av dei fleste.
Handelslaget diska opp med grillmat for dei som valde den lettvinte varianten. Noko det var fleire av for dei vart utseld på kort tid. Andre rigga seg opp i fjæra med eigne grillar.
Det såg retteleg ut som om alle koste seg denne midtsumars kvelden.