Endeleg har redaksjonen somla seg til å retta alle innkomne svar på Bygdatråkket under Marknaden 09.juni. Det var jamnt og tett i teten, men vinnarane slo til med fullt hus!
Her er både spørsmåla og svara:
- Strandvik Kyrkje
Når vart kyrkja i Strandvik reist?
Svar: 1857 - Ungdomshuset
Kva type kunst frå vi sjå i Ungdomshuset?
Svar: maling - Meieriet
Korleis kjølte dei ned mjølka i Meieriet?
Svar: Is frå Silduljetjødno, oppbevart i eige ishus attmed Meieriet - Fellesfjøset
Kor mange m3 møk rommar møkabingen?
Svar: 1500 m3 - Kommunehuset
Kva kontor heldt til i Kommunehuset?
Svar: Jordstyret og Lensmannskontoret - Ridehallen
Kva for dekke er det i ridehallen?
Svar: fin kvarts sand blanda med tekstil- og gummi fibre (Dry Ecotrack)
Det vart delt 1.plass, og dei kunnskapsrike vinnarane er:
Janne Morlandstø og Karen Margrethe Andersen
Dei kan sjå fram til ein mettande komlemiddag på Handelslaget. Vinnarane kan berre troppa opp på Handelslaget ein torsdag det måtte passa!