Eit viktig element i ei levande bygd er ein stad der ein kan møtast over god mat og drikke. I Strandvik var det rolla til det lokale etablissementet Handelslaget.
Sefer Östaz drifta Handelslaget i nesten eit tiår, men i fjor vinter fann han ut han ville prøve seg på noko anna. Etter dette har det blitt søkt etter ny person som kan drive Handelslaget, med det resultat at Handelslaget opnar igjen komande torsdag, 14. mai!
Og det er ikkje kven som helst som overtek Handelslaget. Det blir nemleg fyrste gong nokon med fagbrev i kokkefaget skal drive Handelslaget: Patricia Da Rosa. Og ho tok ikkje fagbrev kvar som helst, men på ærverdige Solstrand Hotel & Bad på Os.
«Eg har vore interessert i matlaging sidan eg var ei lita jente, og det å starte min eigen restaurant har alltid vore ein draum. Eg ynskjer å ha fokus på ferske og lokale råvarer, og vil gjerne bruke alt det gode som naturen rundt oss har å by på.» seier Patricia Da Rosa.
Visjonen hennar er at Handelslaget skal vera meir enn ein restaurant, det skal vere pusterom og møteplass for bygdefolk og tilreisande. På Handelslaget vil du finna både tradisjonsmat og gourmet, leik med smakar, lokale råvarer, stemning og hjarterom. Ho vil at gjestane skal sitje igjen med smaken av ei god oppleving.
På føremiddagen vil Handelslaget fungere som kafé med lette lunsjrettar, kaker og fleire typar kvalitetskaffi. Du treng ikkje lenger reise til byd’n for å få deg ein ekte caffé latte. På ettermiddagen opnar restauranten med ein meny basert på sesongens ferske og gode råvarer. Handelslaget vil legga vekt på at det som vert servert skal vere heimelaga og av høg kvalitet.
Underteikna er ein av dei heldige som fekk kome på prøvesmaking, og kan fortelje at her har folk mykje å gle seg til! Berre sjå bileta som vart teke under prøvesmakinga ↓ . For opningstider og meir informasjon kan ein besøkje handelslaget.com.
Strandvikjo.no ynskjer Patricia Da Rosa lykke til!