Då krigen kom til Strandvik

Ei boklansering i Strandvik er ei sjeldan hending. Endå sjeldnare er hendingane denne boka handlar om. Me snakkar her om Johan Warhuus si bok «Då krigen kom til Strandvik» som vart lansert onsdag 12. desember på Handelslaget.

Fornøgd gjeng!

Terje Raunsgard ynskja velkomen til dei godt og vel 25 personane som hadde funne vegen til Handelslaget denne kvelden. Deretter presenterte han forfattaren. Johan Warhuus vart fødd i Strandvik i 1931. Warhuus har budd i Bergen det meste av sitt vaksne liv, og hatt arbeidet sitt på Midthordaland tingrett i 29 år. Han overtok huset i Strandvik etter far sin, lensmann Harald Finne Warhuus (1903-73), og har sidan brukt mykje tid i bygda. Warhuus kunne fortelje at han vart oppfordra av Johannes Kvåle til å skriva om krigstida i Strandvik. Då tanken hadde modnast litt, byrja Warhuus å notere det han kunne hugsa. Det var også fleire andre som hugsa godt til denne tida, og Warhuus fekk mykje informasjon frå desse. Men, snøballen byrja å rulla for alvor etter eit tilfeldig møte med Johannes Vik utanfor butikken til Brødrene Dalland. Vik kunne fortelje om tanta si Agnes. Ho vart gift med ein soldat som var stasjonert i Strandvik under krigen. «Ring til systra mi! oppfordra Johannes meg, og det gjorde eg» kunne Warhuus fortelje… Ikkje for å vera gledesdrepar, men for å få vite resten av historien må du nok få tak i boka!

Erik Vangsnes las eit par utdrag frå boka, og det vart delt ut blomster til alle bidragsytarane som var tilstades. Som forfattarar flest måtte sjølvsagt Johan Warhuus òg signera eit utal bøker denne kvelden.

Fusa kulturminnelag har vore pådrivar for å få gitt ut boka. Johanna Jakobsdotter Ljones ved Fusa kommune, kulturkontoret, har hatt hovudjobben med å tilretteleggja manuskript og bilete for trykking. Forlaget Fusa Dampskibsexpedition ved expeditionssjef Viggo Nonås har stått for det praktiske arbeidet med bokbunad og trykking. I tillegg til Johan Warhuus og Johannes Kvåle, blir også Kjell Fure, Kirsten Henriksen, Jenny Hjørnevik (f. Vik) og Manfred Schnetger (son til den tyske soldaten og Agnes Vik) nemnt som viktige bidragsytarar for å få til denne boka.

Det er trykt eit opplag på 1000 bøker. Desse bøkene er lagt ut for sal til kr 120,- hos Joker Strandvik (Brødrene Dalland AS) og Handelslaget (Kongesmak AS) i Strandvik, Spar Fusa i Fusa, Spar Eikelandsosen og Sparebanken Vest i Eikelandsosen og Joker Revnestranden i Baldersheim.

Dette må då vera ei spannande julegåva for bygdefolket?