Sundag 17. februar var det opning av den nye skytebana til Strandvik Skyttarlag. Med god planleggjing frå Leigland Bygg, og ein ivrig og standheftig dugnadsgjeng, vart det ein flott skytebane. Nok ein gong på eit loft.
No går verkeleg skyttarane i Strandvik Skyttarlag ein ny vår i møte. I dei hine hårde dagar holdt skyttarane til både i det gamle ungdomshuset, og i bomberommet på skulen. Når Grendahuset sto ferdig, fekk skyttarane plass på lofter der. I Grendahuset vart det skutt med luftgevær. Ladinga på desse geværa var svært tungt for dei yngste, og dessutan heilt ulikt det som ein nyttar i DFS. No kan skyttarane nytta sine eigne våpen og trena på samme program som dei skyt på stemner rundt om i det vidstrakte fylket vårt.
Dagen starta sjølvsagt på loftet, inne på sjølve skytebana. Her skulle det klyppast snor, og for ei snor! Til denne høgtidsfesten var sponsorar, skyttarvener frå andre lag og medlem frå skyttarorganisasjonar i fylket invitert. Varaordførar Atle Kvåle opna skytebana og overrekte laget ei generøs gåve, i Fusisk målestokk, frå Fusa kommune.
Desse fekk, ilag med bygdafolk, foreldre og forhåpentlegvis nokre nye skyttarar sjå «live» skyting i trygg avstand frå skytebana. I varmestova kan ein sjå kvart einaste skot som vert avfyrt via PC på loftet, ned til videokanon og ut på lerret. Det var nok eit par lokale skyttarar som håpa på å slå vår alltid like entusiastiske og gode skyteinstruktør Paul Haugen. Det lukkast ikkje denne dagen heller, men dei pustar han i nakken!
Dei frammøtte fekk forutan kake, kaffi og brus, høyra ein høgtidsstemt formann takka sponsorar for støtte og alle som har bidrege med dugnad. Strandvik Skyttarlag har sanneleg fått det flott, gratulerar!