«Knut»

Den unge talentfulle filmregissøren Sverre Nistad Kvamme har laga eit nært og personleg intervju av naboen sin, Knut Tveit.

Nistad Kvamme er nesten å rekna for veteran på UKM. Han har fleire gongar tatt seg heilt til den nasjonale UKM-festivalen i blant anna Trondheim med sine forskjellige bidrag. Det var til den lokale UKM-festivalen som Os og Fusa kommune skipa til i Oseana Kunst og Kultursenter at Nistad Kvamme laga intervjuet med Tveit.

UKM (Ungdommens Kulturmønstring) er mange små lokale festivaler hvor ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk. Hver kommune sender kvalifiserte ungdommer videre til en fylkesmønstring som representanter for sin kommune. Hvert fylke sender i neste omgang ca. 30 deltakere til den nasjonale UKM-festivalen.

UKM.no

Intervjuobjektet, den særs høflege og velstelte 81-åringen Knut Tveit, var sjølv tilstades i salen då bidraget til Nistad Kvamme vart send vidare til fylkesmønstringa. Om Nistad Kvamme igjen tar seg vidare til den nasjonale UKM-festivalen med bidraget «Knut», får me fyrst veta når fylkesmønstringa for Hordaland tek til 13. – 14. april i Oseana Kunst og Kultursenter.

OPPDATERING: Sverre Nistad Kvamme vart plukka ut på fylkesmønstringa til å representera Hordaland på UKM-festivalen i Larvik 23. – 27. juni med bidraget sitt. 

[youtube id=»aXNLvxzM0ik» width=»600″ height=»340″]

Du kan sjå fleire av Sverre Nistad Kvamme sine filmar på desse lenkjene:

StrandvikFilm på YouTube
Sverre Nistad Kvamme på YouTube
Sverre Nistad Kvamme på Vimeo