Komande laurdag, 6. juli, er det berre å dra seg ut av godstolen, få på seg joggesko og sveitteband og stille opp på idrettsbana!
Tradisjonen tru er det då klart for Strandvik Open og Strandvikløpet.
Nedanfor finn du program for dagen. Dagen byr på dei tradisjonelle løpa i tillegg til aktivitetar for ulike aldersgrupper. For dei minste finn ein her eit hoppeslott. Ellers kan born og ungdomar la seg kurse i moderne dans. Det vert sal av grillmat, hesteskokasting, bogeskyting, lotteri og mykje anna. Ikkje minst går volleyball-finalane frå Strandvik Open av stabelen på denne dagen. Strandvik Open har for øvrig då pågått sidan onsdag 3. juli. Du kan finne resultata og meir informasjon kring dette på nettstaden deira ved å trykkje her.
Om du har energi igjen når det kveldast er det berre å møta opp ved Grendahuset. Om du framleis er lett på labben kan du teste ut dansegolvet her. Om ikkje energien strekk til kan du delta på allsong i teltet utanfor. Allsongen i teltet utanfor Grendahusets tek til frå kl. 20:30 til 22:30. Yngve & Anita speler opp til dans inne i Grendahuset frå kl. 22:00.
Entré til området ved Grendahuset på kveldstid vert på kr 250,-. Det vert sal av øl og vin og det vert 18-års aldersgrense.