Framifrå Strandvikløp

Om ein dag kan kallast perfekt, må det vel vere dagen då årets Strandvikløp gjekk av stabelen.

Den vesle bygda vår såg mest ut som eit postkortmotiv i verdsklasse når ein runda svingen på Kvålshaugen. Vêret hadde vore trist og grått dagane i førevegen, og tåke og vind blei det også dagen etter. Men under sjølve arrangementet var me så heldige å få levert eit mildt sagt formidabelt fantastiskt vêr. Det er vanskeleg å gje eit anslag over antall menneske som vitja bygda. Men med eit overblikk over det yrande folkelivet og bilparken parkert langsetter vegen nesten heilt opptil bedehuset, må det nesten konkluderast med at det var eit rekord antall menneske samla på Strandvikløpet i år.

Dei siste åra har Strandvikløpet og volleyballturneringa Strandvik Open våre kombinert til eit arrangement. Dagen byrja allereie kl. 9 for dei som hadde meldt seg på for eit slag volleyball. Denne laurdagen vart det turnert i mix 4 (i volleyball-terminologi tyder det visstnok 4 personar av variert alder og kjønn på eit lag) for både venelag og bedriftslag. Dagane i førevegen var det mogleg å bli trent av fleire av toppane i volleyball-Noreg. Det var Kåre og Merita Mol som hadde regien i dette. Samstundes vart det tevla i fleire forskjellige aldersklassar desse dagane. Arrangør for Strandvik Open, Tone Elisabeth Stenevik, kunne fortelje oss at frå onsdag til laurdag har det vore omtrent 275 deltakarar i alderen 5 til 55+ på volleyballturneringa. Samstundes med Strandvikløpet på laurdagen vart det frå klokka ni til halv tre 32 lag med tilsaman omtrent 140 deltakarar i sving. Dei avvikla over 70 kampar seg imellom.

Nokre eldsjeler frå Strandvik Idrettslag har stått på i fleire dagar for å leggja til rette for denne formidable dagen. Med det førte dei det tradisjonelle Strandvikløpet inn i sitt 24 år. Dagen bydde i tillegg til dei tradisjonelle løpa til aktivitetar for alle aldersgrupper. Dei minste såg ut til å ha det storvegs i dei to hoppeslotta som hadde funne vegen til bygda. Nokre litt eldre born og ungdomar let seg kursa i moderne dans av Absence Crew, og leverte eit forrykande show seinare på dagen. Det vart fortært 180 grilltallerken, det var mogleg å kjøpa sukkerspinn, delta på hesteskokasting, bogeskyting, lotteri og mykje anna. Løpsgeneral Stina Kvåle Bergersen kan konstaterer at løpet var ein dundrande suksess, og gler seg allereie til neste år. Det såg mest ut som folk hadde ein storarta dag.

Like storarta hadde kanskje ikkje utøvarane som deltok på løpa medan stingen og melkesyra sette inn for alvor. Men for deltakarane i iskremløpet var nok det snart gløymd då dei fekk kvar sin is ved målstreken. Heller ikkje dei 35 litt eldre borna som sprang Sentrumsløpet, og dei 45 ungdommane og vaksne som sprang 3 kilometeren angra då dei endeleg kunne setje skjelvne bein over målstreken, og motta ein velfortent medalje og nokre leskande forfriskingar.

Etter den strabasiøse innsatsen med joggeskoa på – eller utan sko i sanden, avslutta speaker Erik Hanøy arrangementet med premieringa av både volleyball, løp, leik og lotterivinnarar.

Etter at alle hadde kvitta seg med sanden i samtlege kroppsdelar, vart det arrangert dans på kveldstid. Omtrent 240 menneske i myndig alder samla seg til ei stund med høg og særs god stemning. Her vart det allsong i teltet utanfor Grendahuset, og seinare spelte Yngve & Anita opp til dans. Dansen svinga seg langt ut i dei seine nattetimar og avslutta ein ypparleg dag.

For å sjå resultat og tider kan du trykkje på dei grå «bjelkane» nedanfor:

[toggle title=»Strandvikløpet»]
3 km:

1. Øyvind Macody Lund – 09.57.41
2. Oscar Aubi – 10.02.31
3. Torgeir Mathisen – 10.08.72

1. Elianna Skåtun – 13.15.97
2. Kristina Tveit Osebakken – 13.26.22
3. Maria Vestbø Steien – 13.49.12

Får å sjå heile deltakarlista med tider for både 3 km og sentrumsløpet trykk her.[/toggle]

[toggle title=»Strandvik Open»]
Mix 4 bedrift:

1. Friends Statoil Mongstad
2. Strandvik Oppvekstsenter
3. Åmli Barnehage

Mix 4 venelag:

1. Bygdetullinger
2. Grunnslag BK
3. Revegrasåsen VEL

For fleire resultat frå Strandvik Open besøk nettstaden deira ved å trykkje her.[/toggle]

Under arrangementet gjekk dei fire fotografane Berge Skåtun, Jørgen Fagerthun, Lars Kristian Kvåle og Iman de Zwarte rundt i knipsa nokre strålande gode bilete, klikk på bileta nedanfor for å forstørre dei:

Legg gjerne igjen ein kommentar under om kva du synst om dagen, evt. kva du sakna eller anna du har på hjarta: