Fredag 21. februar kl 19:00 inviterer Comino Forlag til ein kriminell kveld på Handelslaget i lag med tre krimforfattarar og ein syngande poet!
Litteratur-popstjerna og storselgjaren Jørgen Jæger, multitalentet (og tidlegare journalist i Os & Fusaposten) Monika Nordland Yndestad og Strandvikaren Fredrik Schmidt Fotland blir grilla av den eminente kapellmeisteren Cathrin Rustøen.
I panelet sit også trubaduren, poeten og multitalentet Jan-Ove Hansen som bidreg med song, musikk, poesi og tilhøyrande visdom.
Utover kvelden snakkar dei om bøker, forfattarskap, inspirasjon, prosessar og mykje anna som kan snakkast om både i høve til forfattarskap og andre ting.
Både kjøken og bar er sjølvsagt ope, og det vert høve til å kjøpa signerte bøker og slå av ein prat med forfattaren!
Comino Forlag fullt hus – ta med naboen og kom, oppmodar dei.