At det vert skapt arbeidsplassar i bygda er i seg sjølv veldig bra. Når det er snakk om ungdomar med pågangsmot som står bak satsinga, er det eineståande! I dag, 8. mai, vert nemleg nettbutikken Keepfit.no starta opp i Strandvik.
Keepfit.no vil satsa på sal av trening- og fritidsklede for treningsglade gutar og jenter i alle aldrar. Bak satsinga står ein søskenflokk frå bygda. I spissen står Stian Håvik som medeigar og dagleg leiar. Bror Cato Håvik er medeigar og lageransvarleg og syster Anja Håvik er medeigar og kundeansvarleg. Søskenflokken har også med sambuaren til Stian, Elisabeth Markhus som økonomiansvarleg og Eikelandsfjording Linn Hamre som markedsføringsansvarleg og mediedesigner.
Det var Stian som hadde ideen om å starta nettbutikk. Ein attraktiv nettbutikk med sal av treningsklede frå kjende merker som treff ein stor målgruppe i heile Noreg. Det er nokre andre liknande nettbutikkar her i landet, men ikkje så mange og spesielt ikkje som har så stort fokus på personlege kundeforhold som gjengen i Keepfit.no. I følgje kundeansvarleg Anja vil prisane bli konkurransedyktige i forhold til dei andre. Keepfit.no vil òg køyra gode kampanjar og tilbod i tillegg til konkurransar på Instagram og Facebook. «Ting vil nok ta tid, men me vil stadig forbetra oss, lytte til kundane våre, og vidareutvikla oss deretter. Dette vil gje oss mange lojale kundar på sikt» seier Anja.
Fram til nettbutikken tar av har gjengen framleis jobb og skule på si, men dei ser lyst på framtida og satsar knallhardt på å vera blant dei leiande innanfor dette området i Noreg i løpet av nokre år. Dei utvidar sortimentet allereie i juli/august med sko. Til vinteren vil dei ta inn ski-klede. Til neste vår vil dei levera golfklede. Etterkvart vil dei også selje treningsprogram sett saman av eit team av ulike konsulentar med relevant og spesialisert utdanning og erfaring frå ulike felt.
Til slutt legg Stian til at dei vil tilby alle lokale frå Strandvik, Vinnes og Fusa gratis frakt. Dei dette gjeld kan bestille på vanleg måte i nettbutikken. Når dei skriv inn postnummeret så får dei opp, og må velje, fraktalternativet «lokal frakt». Bestillinga vert levert innan 24 timar i postkasse eller på døra. Resten av kommunen kan Keepfit.no dessverre ikkje tilby gratis frakt. Men alle har moglegheita til å velje «Pick Up Point Strandvik» som kostnadsfritt fraktalternativ, for så å ta kontakt med Keepfit.no på telefon eller e-post for å avtala henting på lageret. Keepfit.no stiller også på Strandvik Marknaden 31. mai. Her vert det råd å sikre seg gode tilbod på nokre etterlengta treningsklede.
Strandvikjo.no ynskjer gjengen i Keepfit.no lykke til på vegen vidare!