Hyggeleg jonsok

Det tradisjonelle jonsokbålet i Handelslagsfjæra gav oss nok ein gong ein hyggeleg kveld.

Store deler av bygdefolket var samla til god mat og drikke, enten sjølvgrilla eller frå Handelslaget.

Nytt av året var DJ Fusa, som leverte lystige låtar til glede for ungdomane.

Det var også tautrekking / drakamp mellom indre-, ytre- og midt-bygda, men underteikna fekk diverre ikkje med seg kven som vann.

Sola og temperaturen skuffa litt, men hindra verken bading eller god stemning.