Alt klart for Marknad!

Me gler oss stort til Strandvik Marknaden anno 2017 laurdag 27. mai.

I år som i tidligare år startar dagen kl. 9 med den formidable frukostbufféen til Joker Strandvik og gode samarbeidspartnarar. Kl. 10 opnar sals- og utstillingsbodene der det i skrivande stund er 25 påmelde med så ymse som bilar, atv, filippinsk mat, mykje handverk, velvære, måleri, skaft, skillingsbollar og kursing i leirgauk.

Tradisjonen tru vert det sjølvsagt lotteri, stort andeslepp i elva og fantastiske Strandvikadravle.

Også i år vert det konsertar under marknaden. Strandvik Blandakor i kyrkja, Holmefjord Musikklag i Grendahuset og Iman de Zwarte held «Pipekonsert» på det nyoppussa orgelet i kyrkja.

Om kvelden vert det fantastisk stemning med dans i Grendahuset med sjølvaste SPLINT. SPLINT har i løpet av dei siste åra turnert heftig, og har fått svært rosande omtalar. Det vert allsong og rekebord (eigen billettar) frå kl 20:00, og dans frå kl. 22:00.

I fjor fekk marknaden besøk av mange overnattingsgjestar i bubil. Også i år kan desse parkere på anviste plassar ved ridebana til Fusa Hestesportlag. For båtfolk har Leigland Bygg ei flott gjestebryggje i Ådnavikjo.

Der er meldt flott vêr! Vel møt til ein fantastisk helg!