For mange av innbyggjarane i Strandvik har 2013 våre eit år prega av tragiske hendingar. Kyrkja har sjeldan våre nytta så ofte til gravferd som dette året.

Når me no endeleg kan setje ein strek over 2013 må det seiast at tid ikkje leger alle sår, ein lærer berre å leva med dei. Eit verktøy for å leve med såra er gode minner, og gode minner frå bygda er det Strandvikjo.no fokuserer på i denne årskavalkaden for 2013.

Januar:
I fyrste helga i året arrangerte Strandvik Skyttarlag samling for skyttarane sine. Litt seinare i månaden kunne me opna eiga skeisebane i bygda. Strandvik er ein internasjonal bygd med innbyggjarar frå mange stadar i verda, og på slutten av månaden vart det skipa til internasjonal fest.

Februar:
Det skjedde ikkje så mykje på Strandvikjo.no i februar. Men filmregissøren Sverre Nistad Kvamme laga eit nært og personleg intervju av naboen sin, Knut Tveit.

Mars:
I mars vart arbeidet med eiga sentrumsplan for bygda påbyrja. Seinare i månaden fekk varaordføraren æra av å kunne opna Strandvik Skyttarlag si nye innandørs skytebane.

April:
I april skreiv me om stor byggjeaktivitet i Strandli-feltet. Litt seinare i månaden vart det skipa til nok ein vel utførd dugnad. I april fekk me også eit tilbakeblikk frå tidligare tider, nemleg når det vart produsert hermetikk i Strandvik.

Mai:
I byrjinga av mai kunne Strandvik Nye Barnehage invitera til gratis kurs i sparkling. Og så kunne me sjølvsagt sjå bileta frå endå ein fin nasjonaldag i den vakre bygda vår.

Juni:
Juni vart ein innhaldsrik månad. Strandvik Marknaden vart vel overstått, Strandvik oppvekstsenter arrangerte showet «Strandvik sine talent», ein artig kar dukka opp og det vart ein vellykka Jonsokaftan/Sankthansaftan (kva namn vert eigentleg nytta i strandvikamålet?).

Juli:
I juli vart det arrangert eit framifrå Strandvikløp, ein motor hamna i havsnaud, me fekk eit gjensyn med revyen som vart halde vinterhalvåret 2012 og «Fusavideoen» fekk passet sitt påskrive.

August:
I august kunne med lese om David Hadley som kom frå Australia med kjærleik og sykkel, vaflar som redda rumlande mage og ein rapport frå Strandvik Skyttarlag si tur til Landsskyttarstemnet. I tillegg vart det halde norskkurs i bygda.

September:
I september inviterte Fusa Bondelag og Strandvik Mjølk til “Open gard” hjå fellesfjøset til Strandvik Mjølk. Seinare kunne me lese om bautasteinen ved Strandvik kyrkje som står til minne om menn frå Strandvik herad som mista livet under andre verdskrigen.

Oktober:
I oktober vart det arrangert lefsekurs og den ferdige sentrumsplanen vart presentert.

November:
I november opna ordføraren Strandvik Nye Barnehage, Strandvik Skyttarlag arrangerte lagstemne, det var klart for å arrangere bygda si fyrste julemarknad, 1. – 4. trinn ved Strandvik oppvekstsenter vart med i den nasjonale konkurransen ”Telysjakten” og trong hjelpa di og så avslutta me månaden med å skrive om den unge og talentfulle fotografen Bo Matheys.

Desember:
I årets siste månad la bygdautvalet fram sitt forslag til innspel til kommunen si arealplan.

Dette året har me også kunne lese om 8 sambygdingar i «Folk og fe»-spalta. Me har vert gjennom 76 hendingar i kalenderen. Gjennomsnittleg har me har hatt heile 1865 unike besøkande innom nettstaden kvar månad. Og me har 451 personar som likar oss på Andletebokjo.

Om redaksjonen skal ha eit ynskje for 2014, er det meir bidrag frå lesarane våre! Strandvikjo.no driv seg ikkje sjølv, og det begrensar seg kor mykje tid ein kan leggje i nettstaden på friviljug basis. Me ynskjer at DU som lesar sender inn hendingar til kalenderen, plakatar til oppslagstavla, tips til artiklar/nyhende og ikkje minst legg igjen ein kommentar under artiklane. Dette vil lette arbeidet for oss. Og kanskje kommentaren din startar ein større debatt kring aktuelle tema i bygda? Om du ynskjer å få publisert ein artikkel, nyhende, dikt, forteljing eller historie som du har skrevet sjølv, ikkje nøl med å ta kontakt då heller!

Strandvikjo.no har nesten tredobla talet på lesarar sidan 2012, og redaksjonen ser seg særs nøgd med dette. Me reknar med du følgjer oss i 2014 òg?

 

Godt nytt år!