Cupcakes er i vinden som aldri før. Og det kan ein jo skjøne, så gode som dei er. Sjølve «kaka» byr vanlegvis ikkje på dei største utfordringane, men kom igjen når ein skal pynta…. Ein vanleg kvardagskokk blir fort heit i toppen når ein leiter etter konditorfarge, spruteposen, glitter og stas. Samstundes erindrar ein vagt at tuten til sprøyteposen gjekk vegg-i-mellom sist ein prøvde seg på halsbrekkande øvelsar i konditorfaget. Trykket vart for stort og tolmotet for lite då glasuren sat fast i posen!!!
No kjem det ei skikkeleg profesjonell dame til bygda for å læra oss å pynta bakverka våre. Dette er eit reint pyntekurs, ca 3 timar der ulike pynteteknikkar vert vist og øvd på. Kurset vert i Grendahuset 24.november og startar kl 1200. Ta med kakeboks, forkle og kom!
Det vert òg salg av bok og andre produkt. Sjå heimesida, bli inspirert og meld deg på. Dette vert kjekt!!!
http://passion4vintage.com/kurs/