Fantastiske Skjelavikjo

Betre seint enn aldri vert det sagt; underteikna har brukt usedvanleg lang tid på å få ut dette innlegget og beklagar dette. Men no når det haustast kan me endeleg sjå tilbake på den strålande dagen me hadde laurdag 13. juni i Skjelavikjo, der det var både dugnad og fest.

Dagen byrja med nokre timar dugnad, og for eit imponerande oppmøte det vart. Om det var dei få solskinstrålene etter alt regnvêret som lokka eller noko anna vitast ikkje, men her var folk flittig i sving med både traktorar og mindre reiskap.

På dugnaden fekk me køyrd ned og lagt ut fleire tonn skjelsand og veggrus, i tillegg fekk me klypt og frisert tre og buskar, rigga til fest og bygd scene.

Scena vart ein flott platting som vert verande permanent i Skjelavikjo til fritt bruk for solsleikande badegjestar.

Seinare på dagen ynskja Strandvik Bygdautval velkomen til familiefest i Skjelavikjo. Som ein takk for dugnadsinnsatsen bygdafolket har lagt ned i året som var, fann ein her gratis grillmat og underhaldning til alle.

Bandet «Last Hippies» spelte god gamal rockemusikk som kunne høyrast like til Baldersheim. Folk i alle aldra kosa seg og dansa ut i dei seine timar.

Bygdautvalet vil gjerne takka Leigland Bygg, Strandvik Transport og Maskin, Medio Utleieservice og Bergen og Omland Friluftsråd hjarteleg for støtte til både dugnaden og festen.

Her er nokre bilete: