Bli med på skjenkekurs!

Styret i Grendahuslaget oppmodar alle i Strandvik som ikkje har skjenkekurs, om å melda seg på skjenkekurs i Eikelandsosen måndag 26. oktober.

Det er sett i gong arbeidet med å setja opp vaktlag, for å få ei jamn og rettferdig fordeling av «vakt-teneste» ved arrangement. Men å ha skjenkekurs betyr ikkje at ein blir spurt oftare om å vera vakt ved arrangement, berre at det kan vera enklare å få kabalen til å gå ihop, seier leiar i Grendahuslaget Cathrin Rustøen.

Påmeldingsfristen er fredag 23. oktober kl. 10:00.

Påmeldingsinfo:
postkasse@fusa.kommune.no eller på tlf.: 56 58 01 00