Laurdag 31. oktober arrangerer Merkur-programmet sin årlege kampanje for å handla lokalt.
Aldri tidlegare har så mange nærbutikkar vore engasjert i kampanjen. Merkur-programmet er Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt verkty for utvikling av daglegvarebutikkar i distrikta, slik at dei kan gje best mogleg tilbod til kundane sine. Joker Strandvik er ein av butikkane som er med i dette programmet.
Joker Strandvik vil difor markera denne kampanjen, og ynskjer velkomen innom for lokal handel 31. oktober.
Og som de ser på bilete er det gledeleg at det nye bygget til Joker Strandvik reiser seg i god fart, klar for opning til påske.