Søndag 8. november, på sjølvaste farsdagen, er det duka for basar i Grendahuset. Grendahusetlaget er arrangør, og lovar god stemning og flotte gevinstar.

Cathrin Valestrand, leiar i Grendahuslaget, er full av gode ord om basaren, der Strandvik Blandakor vil underhalda, og det vert kafé med heimebakte kaker, bollar og vafler.

– Både næringslivet i bygda og kommunen elles, dei andre laga og ei lang rekkje privatpersonar har stilt opp og bidrege med flotte gevinstar både til åresal og lotteriet på bok. Og mange er i sving og har lovd heimebakst til kaféen. Dette er med å byggjer opp under at strandvikarane har den beste dugnadsånda eg nokon gong har kome over, seier Cathrin.

– Vi i styret har fått fantastisk god hjelp av nokre meir erfarne ringrevar innan basar-bransjen til å få dette til. Klara, Reidun, Bente og Bjørg ordnar og får ting til. Det er utruleg kjekt å ha nokon å spela på lag med når slike arrangement skal gå av stabelen, legg ho til.

Økonomien i Grendahuset er ikkje slik den var då huset var ferdig og ein hadde pengar til overs på bok.

– Veldig mykje av dei midlane grendahuset hadde etter bygginga er gått med til å realisera andre gode prosjekt i bygda. Båthamn og barnehage for å nemna noko.

No står Grendahuset framfor ei omfattande oppgardering sjølve, med nytt kjøken, og energisparande tiltak. Noko som vil kosta mykje pengar, og mange timar med dugnadsarbeid.

– I tillegg er vi nøydde til å henta inn driftsmidlar gjennom arrangement av forskjellig slag. Dette forsterka seg då barnehagen flytta ut og vi miste leigeinntektene vi hadde, og måtte til å betala alt av straum og kommunale gebyr sjølve. Dette har gjeve oss monaleg mindre økonomisk spelerom. Difor er det så utruleg viktig for oss og heile bygda at dei arrangementa som vi skipar til gjev mynt i kassen, i tillegg til at vi kan ha det kjekt ilag, seier ho engasjert.

– Men for å ta eit arrangement om gongen, så e det søndag og basaren det gjeld no! Vi har så masse flotte premiar at det skal truleg godt gjerast å gå tomhendt ifrå Grendahuset på søndag, avsluttar Cathrin lattermildt.