I 1949 vart Strandvik Bygdekvinnelag starta. Laget var ein del av Norges Bygdekvinnelag.

Norges Bygdekvinnelag vart oppretta som sjølvstendig kvinneorganisasjon i 1946 under namnet Norges Bondekvinnelag. Organisasjonen vart skild ut frå Norges Bondelag med formål å få kvinnene meir med i arbeidet for bygdefolket. Organisasjonen endra namn til Norges Bygdekvinnelag etter eit årsmøtevedtak i 2002.

I løpet av åra var det i snitt 20 driftige damer i aktivitet for laget i Strandvik. Bygdekvinnelaget sitt arbeid har du mest sannsynleg vert bort i. Blant anna ved å ha sitte på det og hatt det i munnen, i form av putene i kyrkja og bestikket i Grendahuset. Etter som åra gjekk dabba aktiviteten i laget av, og i 2007 vart det diverre lagt ned.

Irene Tveit var siste leiar, og ho har no kontakta Strandvikjo.no for å høyre om nokon er interessert i dei siste gjenstandane i det nedlagde Bygdekvinnelaget si eige.

Ein av gjenstandane er ein dåpskjole frå 1962 (sjå bilete). Denne har vore til utlån for bygdefolket, og no lurar laget på om nokon er interessert i å overta den. Dei ser helst at den vert verande i bygda.

Dei har også ein vevstol på 1,2 meter. Om nokon er interessert i desse gjenstandane kan dei kontakta Irene Tveit på 90 29 99 66.

Då laget var aktive hadde dei også 11 store damaskdukar til utlån. Desse er no gjeve til Grendahuset, og kan lånast ved å kontakta Grendahuslaget.

Om nokon er interessert i å bla i referat- og kassaboka frå laget, vert desse å finne på kulturkontoret i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Med dette forsvinn diverre ein flott organisasjon inn i historiebøkene. Eit lag som me alle har, og kunne fått bruk for. Hjarteleg takk for innsatsen til alle medlemane gjennom åra! Om ikkje nokon unge kvinner ynskjer å starte opp igjen då … ? Norges Bygdekvinnelag held framleis på i beste velgåande.