Vellykka bingo

Styret i Grendahuslaget jobbar hardt med å auke aktiviteten i det flotte grendahuset vårt. Ein del av dette arbeidet er å arrangere bingo med jamne mellomrom.

Sundag 7. september rulla kulene for fyrste gong ut av trommelen til stor fryd for dei håpefulle frammøtte. Rundt 70 frå alle aldersgrupper samla seg til ei hyggeleg stund med både kaffi og lappar. Styret reknar dermed den fyrste bingoen som ein suksess.

Om du ikkje fekk med deg den spanande runden i Grendahuset i denne omgang, får du igjen sjans på neste bingo som vert arrangert 5. oktober. Flott tiltak for alle aldrar, ikkje minst sidan alle har lik vinnarsjanse.

Her er nokre bilete frå arrangementet: