Ein av våre eksemplariske lesarar melder om flotte skiforhold på Fusafjellet.
God såle med tilstrekkeleg mengde laussnø for fin køyring, seier Hans Halvor Helvik Kvåle.
Frå enden på skogsvegen frå Hauge er det trakka opp spor til Breistølshytta, til Vetlehorga og vidare til Storehorga.
I helga er det meldt strålande vêr til å prøve ut dei glidande plankane på denne hugnadsame tur!
(Foto av Breistølshytta av Hans Halvor Helvik Kvåle.)