Frå hausten 2016 startar Strandvik Vekst AS «Strandvik Montessoriskule». Skulen vert ein leksefri heildagsskule, med aldersblanda grupper i 1 – 7 trinn. Det vert tilbod om SFO frå kl 07:00 – 16:30.

Det er framleis usikkert om skulen får fortsette i dagens skulebygg, eller om me må bygge eit nytt bygg før skulestart. Dette vert avgjort på kommunestyremøtet 18. februar.

Skulen skal drivast etter læreplan for montessoripedagogikk (godkjent av Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet). Skulen tek imot elevar frå heile Fusa, og resten av Noreg òg. Andre bygder har fått tilflytting pga. at dei har skular med Montessori-pedagogikk. Dette kan gje ei gledeleg utvikling også for Strandvik.

Om du vil veta meir om montessoripedagogikk, kan du lesa meir her.

No er det på tide å søkje plass på skulen. Det kan ein gjere ved å trykkje på denne lenkja. Søknadsfrist er 21. februar 2016.