Stenging av vasstilførsla

Strandvik og Vinnes Vassverk SA varslar grunna søk etter lekkasjar at vasstilførsla til Strandvik vert stengd ein periode frå kl. 23:00 fredag 29. januar, og nokre timar inn i natt til 30. januar.

Vassverket vil be alle med privat vassleidning knytta til vassverket å sjå etter små og store lekkasjar, og syta for at dei blir stoppa.

Vassverket vil også be om at eventuell frosttapping blir minka eller helst avslutta.