• Namn:
    Trygve Osebakken
  • Årgang:
    1954
  • Yrke:
    Bonde
  • Kjem frå:
    Strandvik
  • Kva gjer du på fritio:
    Når eg har fri, då likar eg å gå til fjells. Har i mange år hatt eit mål om å gå på alle fjelltoppane eg ser ifrå Hauge, og er snart i mål saman med Bente. Når hausten kjem, er det jakta som står for tur. Når det er snø kjem skina på beina. Når det er stilt og fint på sjøen så reiser eg utpå med båten og fiskestanga.
  • Det beste med Strandvikjo:
    Det beste med Strandvikjo er at vegen stoppar i Håvikjo. I tillegg er det kort vei til både fjell og fjord.
  • Kva gler du deg til?:
    For augeblikket gler eg meg til eg kan sleppe alle dyra opp i Haugsåsen på beite, då blir det godt med fri frå floren med nokre rolege veker før slåtten byrjar.

I “folk og fe” neste gong: 

Else Helvik

Kva er “Folk og fe”?

Eldre “Folk og fe”