Fusa Fotoklubb

Fusa kommune har fått ei ny grein på det store lag- og organisasjonstreet. Sidan fyrste oktober finn ein der også «Fusa Fotoklubb».

Målet til klubben er å gje medlemane auka kunnskap om fotografi og å auke interessa for godt fotografi i lokalsamfunnet. Klubben vil vere eit forum for fotointeresserte i Fusa og omegn.

Iman de Zwarte frå Strandvik, den nyvalgte leiaren i den nystarta klubben, kan opplyse om at det alt på stiftingsmøte var 31 personar som hadde teikna seg som medlem.
Medlemsmøtene er (stortsett) den fyrste måndagen i månaden frå kl. 19:00 til ca. 21:00 i rom 253 i den nye delen av Fusa Vidaregåande skule. Men utanom desse møtene kan du også støyte på medlemar som går åleine eller i mindre eller større grupper på fototrasking. Resultatet av dette kan ein sjå på klubben si eige, open Facebooksida. Her legg også ikkje klubbmedlemar ut bileta sine (berre søk på «Fusa Fotoklubb» på Facebook).

Dei som er interessert i å bli med i klubben kan sende ein mail til fusafotoklubb(alfakrøll)hotmail(dot)no med namn, mailadresse og mobilnummer. Årskontingenten er Kr. 400,- (Kr. 200,- til og med det året ein fyller 25 år). Dette er inkludert medlemskap i NSFF, Norsk selskap for Fotografi, på Kr. 150 (Kr. 75 inntil 25 år).

Forutan leiar Iman de Zwarte består styret av Fredrik A. Thorsen som nestleiar/sekretær, Kari Bente Stein Helland som kasserar, Mari U. Furubotn og Berge Skåtun som styremedlemar og Margrethe Øhlander Ask som varamedlem.

Biletet i denne artikkelen, og frå og med i dag også biletet på toppen av nettstaden, er teken av fotoklubb-medlem og strandvikar Jan Tore Aakre. Han har mange fleire flotte bileta som ein kan sjå på fotobloggen hans her.