Hjartestartar på plass

Hjertestarter

På veggen av grendahuset heng det no ein hjartestartar som Strandvik sanitetsforeining har kjøpt inn til bygda.

Hjartestartaren er lett tilgjengeleg midt i bygda, og er beskytta mot vær og vind av eit veggskap.
Dette skapet er utstyrt med alarm som skal forhindre hærverk, tjuveri eller anna misbruk.

Leverandøren av hjartestartaren skriv følgjande om produktet sitt:

Dette apparatet gir deg trygghet på at du kan redde liv før helsepersonell kommer til stede. Det er konstruert slik at alle skal kunne bruke det til en hver tid og på et hvilket som helst sted.

Rolig og naturlig stemmeinstruksjon som leder deg til å gi førstehjelp via defibrillering og HLR.

Omfattende og automatisk selvtest kontrollerer alle HeartStart’s vitale funksjoner daglig, ukentlig og månedlig, det for å sikre at den er klar til livredning når situasjonen krever det.

Onsdag 11. april var det representantar frå Hjertevakten AS på besøk for å halde eit lite kurs i bruk av startaren, noko som 17 frammøtte fekk med seg.
For dei som ikkje hadde anledning til å gå på kurset, finst det fleire gode nettstader med informasjon på den verdsvide veven, blant anna:

  • Hjertestarter.info – Om hjertestans, hjerte-lunge-redning (HLR) og bruken av hjertestartere.

Er du ikkje så godt kjend i bygda, finn du hjartestartaren her:

Grendahuset
Hjartestartaren på grendahuset. (Foto: Iman de Zwarte)

[google-map-v3 width=»280″ height=»230″ zoom=»16″ maptype=»OSM» mapalign=»center» directionhint=»false» language=»no» poweredby=»false» maptypecontrol=»true» pancontrol=»true» zoomcontrol=»true» scalecontrol=»true» streetviewcontrol=»true» scrollwheelcontrol=»true» draggable=»true» tiltfourtyfive=»true» addmarkermashupbubble=»false» addmarkermashupbubble=»false» addmarkerlist=»60.158806,5.664616{}firstaid.png{}Hjartestartar» bubbleautopan=»true» showbike=»false» showtraffic=»false» showpanoramio=»false»]

Så tusen takk til Strandvik sanitetsforeining for eit glimrande tiltak, men lat oss for all del håpa me slepp å bruka dette instrumentet.