Det har vore arrangert felles dugnad for laga og organisasjonane i bygda nokre år no. Og neste laurdag, den 22. april, frå kl. 10:00 til 15:00 inviterer me igjen til eit skippertak for å få bygda til å skina frå si beste side.
Me håper du har moglegheita til å stille på skuleplassen der dei forskjellege laga kjem med lister over arbeid som kan gjerast. Ta gjerne med verktøy og utstyr du «trivst» med, smått og stort. Det vert kaffi med noko godt attåt kl. 13:00.
Hyttefolk er også svært velkomne. Ta gjerne med familie, vener og naboar til nokre nyttige timar for det vesle samfunnet vårt.
Her kan du lese referat frå ein tidlegare dugnadane.