Invitasjon til marknad 2014

Liv&Lyst i Strandvik har gleda av å invitere til ei sals- og utstillingsmarknad i bygda. Det vert tredje året på rad me arrangerer denne marknaden. Som du kan lese her og her vart dei to førre ein stor suksess. Me ynskjer stadig å utvikle marknaden og vil dermed også ynskje utanbygds utstillarar hjarteleg velkomen. Utstillarar som har reist til bygda før har gladleg tatt turen tilbake til marknaden grunna særs kjøpelystne bygdefolk og tilreisande.

Årets marknad vert 31. mai 2014 frå kl. 10:00 – 15:00. Marknaden vert halde på skuleplassen, og både inni og utanfor Grendahuset. Dagen vert starta med at ein kan delta på frukostbufféen til Joker Strandvik og gode samarbeidspartnarar. I løpet av dagen held fleire ulike kor og musikklag frå Fusa konsertar i både kyrkja og Grendahuset. Det vert kafé der ein kan kjøpe seg is, brus og kaffi med noko attåt. Salsbodene og utstillingane er opne under heile marknaden. Her har ein tidligare år funnet alt frå bilar og ATV’ar til filippinsk mat, belgisk sjokolade, tupperware og rauddravle, for å nemne nokre få. I fjor fekk marknaden også besøk av mange overnattande gjestar i bubil. Også i år vil det verte tilrettelagt for desse på idrettsbana. Om kvelden vert det dans i Grendahuset. Me kjem tilbake med meir utfyllande informasjon om program ved eit seinare tidspunkt.

Me ynskjer svært gjerne å ha deg med på marknaden! Ynskjer du å delta som utstillar finn du påmeldingsskejma ved å trykkje her.