Andre sundag i advent inviterte Strandviknissen nok ein gong bygda til hytta si på toppen av Kletten.
Mørkret hadde senka seg over Kletten, då eit imponerande antall på 50 – 60 godt kledde Strandvikingar utfordra den triste og stormfulle vestlandsvinteren, for eit møte med denne mystiske nissen. På toppen kom den svært hyggelege Strandviknissen ut av hytta si. Med seg hadde han smått og godt til dei yngre, og kaffi til dei eldre.
Då alle hadde fått kikka inn i nissehytta og levert ynskjelista si, var det på tide å vende nasa nedover. Faklar vart tend for å gjeve ljos og stemning på vegen nedover. «Toget» ned stien denne kvelden lyste av varme og glede. På toppen vart Strandviknissen sitjande igjen for å arbeide seg gjennom alle ynskjelistene.
Kanskje ser du eit glimt av Strandviknissen om du tek ein tur på Kletten? Han tek imot ynskjelister heile desember.