1. desember arrangerer ein gjeng damer, eller jenter som dei kallar seg sjølv, julemarknad i grendahuset.
Dei seier dei kan lokke med mange flotte utstillarar som kan hjelpe deg med å få unna både julehandel og julebakst.
Her vert det også gode moglegheiter for å slå av ein prat med sambygdingar over ein kopp kaffi. Det vert lotteri med trekning kl. 16, kafè med pølser, vaflar m.m og sjølvsagt kjem nissen.
Velkomen til grendahuset 1. desember frå kl. 13 – 17.