I bygda der dukka det opp ein merkeleg kar.
Stille står han, litt underleg og rar.
Smilar og blenkjer, men kva gjer han no der?
Me lurer no fælt på kva han gjer.
I stram giv akt står han der og kikkar,
på folk og fe som rundt om i bygdo vrikkar.
«Det er eit vakkert skue, forbaska at eg må stå her og glo,
på dei som kastar ein påse for mykje, eller to!»
Det er neimen ikkje eit vakkert syn, når fuglane har gjort sitt.
Hakkar hòl, og brått flyte bosset både høgt og fritt!
Kanskje tenkjer ein «Eg er i min fulle rett»
Men, det er no lov å bruke vett!
Kast ikkje bosset viss lokket ikkje går att!
Gjere du det, får eg heilt fnatt!
Mi oppgåve er å skremma måse, skjor og kråke vekk.
Om dunken er full, ja då må du gå ein annan stad med din sekk!
Du har nok lagt merke til karen som står ved søppelcontainerane i sentrum. Det er elevane på mellomtrinnet ved Strandvik oppvekstsenter som har gjort ein god jobb med å laga denne mystiske oransjekledde karen. Dei ynskjer å ta vare på den fine bygda vår, og håpar at «bossmannen» minnar alle om å hjelpe til med å halda området rundt søppelcontainerane ryddig og reint.
Ved å trykkje her kan du sjå fleire bilete av den stolte gjengen som laga «bossmannen».