Torsdag 30.mai var det igjen duka for «Strandvik sine talent».
Dei mange som hadde funne vegen til Grendahuset denne kvelden fekk oppleva eit flott show, der dei flinke elevane ved Strandvik oppvekstsenter synte fram sine talent.
Konferansierane kunne presentere alt frå song, musikk og dans til Powerpoint-presentasjon, film og loddtrekning.
Einingsleiar ved Strandvik oppvekstsenter Heidi Baldersheim takkar elevar og tilsette for ein flott kveld!
Du kan lese meir om «Strandvik sine talent» på oppvekstsenteret si eiga nettstad ved å trykkje på denne lenkja.
Her er nokre bilete frå arrangementet: