Le Tour de Fusa est terminée

I reint imponerande tempo sykla 44 ryttarar gjennom bygda og opp den seige bakken til Legland.

Denne fredagskvelden, 20.juli, hadde dei alt lagt bak seg fleire spurtar og klatreprøvar på veg frå Eikelandsosen til Strandvik. Likevel sykla denne gjengen oppover bakken i same fart der andre ville ha sykla nedover. Det heile enda med at Ørjan Nordtveit klokka inn fyrst, med imponerande 39 minutt og 43 sekund.

Det var ikkje mange Strandvikingar å observera på sykkelsetet, men eit lyspunkt var Stian Håvik. Han glimta til med ein 5. plass på denne etappen. Stian trengte 40 minutt og 19 sekund for å klare avstanden. Noko det står respekt av! Om ikkje det var nok, hadde han klinka til med ein samanlagt 4. plass då rittet var ferdig sundags føremiddag.

I følgje arrangør (og etappevinnar) Ørjan Nordtveit var det ein vellykka etappe, men han kunne ynskt seg litt meir liv langs løypa. Det er trist å skrive, men han hadde konstatert at det var fleire skodelystne som skapte liv og røyre på Vinnes, enn i Strandvik.

Her følgjer ein liten video av målgangen på Legland:

[youtube id=»7myqW1rCjN4″ width=»600″ height=»350″]

Og her følgjer nokre bilete frå når ryttarane passerer Rauvoll (av Iman de Zwarte), og nokre frå målgangen på Legland (av Lars Kristian Kvåle):

Full resultatliste og resultat frå dei andre etappane finn du på nettstaden til «Le Tour de Fusa».