Sentrumsplan (LivOGLyst)

Det er ein kjennsgjerning at det er ein livleg og lystig «gjeng» som bur i Strandvik, gamal som ung, store som små. Men, det som sikkert ikkje alle veit er at Strandvik er med i eit bygdeutviklingsprogram kalla LivOGLyst.

LivOGLyst
 

Det er kort fortalt eit program for lokal samfunnsutvikling i Hordaland. Det er Fylkesmannen, Innovasjon Norge og fylkeskommunen som samarbeider for å stimulera til lokalt entreprenørskap og mobilisering i lokalsamfunnet. Strandvik Bygdautval har søkt om deltaking sidan 2010, og i 2012 vart me tildelt eit eitårig prosjekt med tilhøyrande midlar. Ein kan lesa meir om dette bygdeutviklingsprosjektet på www.kom-an.no og på Hordaland Fylkeskommune si nettstad.

På oppstartsamlinga i 2010 vart bygda enige om nokre områder ein ville jobba meir med. Ein av desse gruppene var «Sentrumsgruppa». Laurdag 09. mars 2013 hadde gruppa invitert Geoplan frå Norheimsund til å vera med på idékafé i Grendahuset. Etter ein presentasjon om prosessar, planarbeid, ulike dømer på sentrumsutvikling og stønadsordningar, vart det idèmyldring rundt borda med påfølgjande presentasjon frå gruppene. Gruppen skulle leggja fram idèar, ønskjer og håp om korleis Strandvik kan utvikla seg.

Presentasjonen frå Geoplan kan du sjå/laste ned ved å trykkje på denne lenkja.

25. mai 2013 vil Geoplan igjen besøkje Grendahuset, då vil dei presentera ulike skisser for Strandvik sentrum med utspring frå idémyldringa frå idékaféen.