Månadens hending: Marknad i Strandvik

Laurdag 09.juni vert det marknad i bygdo. Dette er ei ny hending, så no har DU sjansen til å vera med på ein premiere i Strandvik. Ikkje la sjansen gå frå deg!

Dette er ein marknad der Strandvik og me som bur her står i fokus. Her vil det vera salsboder med ymse slag. Me kan nemna sal og smaksprøvar av heimabakst som td dubbelkaker, ulike handarbeid, motoriserte kjøretøy, hudprodukt…. Med andre ord, noko for ein kvar smak. Lurer du på kva me drive med på fritio… Ja, då kan du finna det ut på laurdag for då vil dei ulike laga i bygda ha stands der dei uhemma vil skryta av seg sjølv og kor kjekt lagsarbeid er! Det er berre å stilla seg i kø…

Marknaden opnar kl 10 med frukost i teltet hos Joker Dalland. Det vert ein mjuk start på dagen, og me unngår lågt blodsukker. Og me treng energi, for kl 12 brakar det laus med Zumba. Laila dreg oss med i eit fyrverkeri av ein dans, og med sitt smittande smil og engasjement blir  det vanskelg å helda seg i ro! Og viss du brann opp all energien din på Zumba, er det ein gylden sjanse til å få seg ein «tår» med Strandvikadravle.

Men, tru no ikkje at dette er det «einaste» som skjer denne dagen. Nei langt ifrå! Rauvoll Gard stiller med opplagde og utkvilte høns som skal vera med og gjera livet vårt ulideleg spennande. Dei skal nemleg gje oss…..HØNSADRITABINGO. Me får håpa at det er lettare å vinna her enn i lotto! Fusa Hestesportlag vil tilby ponniriding og «tipp vekta på føllet». Skulen vil vera open for dei som vil sjå og mimra, og ein vil kunna vitja klasserom, sjå elevarbeid og mykje anna spennande. Dette kan ein ikkje gå glipp av! I Grendahuset vert det filmframvisning. Filmintresserte ungdommar vil visa eigenproduserte filmar av ypperleg kvalitet. Ja, dette vert litt av ein dag! Me kan sjølvsagt ikkje røpa alt, det er nok lurast å vera der kor det skjer!

Det kan vera lurt å ha godt fottøy denne dagen. Det er mykje å sjå, og sjølv om mykje ligg midt i sentrum er det andre attraksjonar rundt om. For at du skal få med deg alle Strandvik sine attraksjonar, vil me guide deg gjennom eit «Bygdetråkk» ved hjelp av ein quiz-runde. Me startar i bygda, går mot kyrkja, ungdomshuset, vidare rundt Vik, Fellesfjøs, opp Elvabakkjen, ned til Ridehallen og «heim att». På vegen vil du få anledning til å sjå den nyoppussa kyrkja, utstilling og sal av kunst i Galleri Rosenlung som held til på loftet i Ungdomshuset ,  sjå «kommandosentralen» til fellesfjøset og å få komma inn i den spektakulære ridehallen. Flott premiar på quiz-runden, svar og vinnarar vert annonsert på heimesida vår.

Sidan me skal ha ein mjuk start på denne fantastiske dagen, passar det bra med ein roleg og stemningsfull avslutning. Kl. 15:00 vert det minikonsert i kyrkja med Rianne og Iman de Zwarte. Konserten varar om lag 15 min.

Og sist, men ikkje minst har Handelslaget 10-års jubileum som skal feirast! Det vert dekka til rekebord og ein musikar er sjølvsagt på plass!

Om ikkje dette er ei perfekt oppskrift på ein laurdag, ja då….

PS Pga begrensa parkering i bygda, oppfordrar me å ta beina eller sykkelen fatt for dei som kan