Kanskje du òg høyrde dei dundrande gjennom bygda på torsdag? Heile 18 motorsyklar rullande gjennom bygda er ikkje kvardagskost, men før du får urolege aningar så er dette ein gjeng av det rolege slaget.
Motorsyklistane er alle lesarar av osingen Magne Lepsøy sin blogg Triumph i Vest. Kvar tredje torsdag arrangerer bloggen «Triumph Run». Her møter Triumph-motorsykkelentusiastar opp til ein hyggjeleg tur med både prat og mat. Dette var fjerde turen deira i år, og målet var Handelslaget i Strandvik.
Entusiastane møtte opp på Trengereid. Dei flotte vegane, den nydelege naturen og det herlige vêret gjorde at det berre var store glis å sjå overalt, skriv bloggen. Kl. 19:30 nærma dei seg Handelslaget. Diverre blei det ein liten nedtur då det viste seg at Handelslaget var utseld for raspeballar. Men mat må dei ha. Sefer heiv kjapt eit par deigar i lufta, måkte dei i omnen og ut kom det herlege pizzaer til gjengen.
På denne turen var det også med ein journalist frå BA.no. Han produserte ein liten video som du kan sjå her.
5. juli prøver gjengen seg på nok ein tur til Strandvik. Denne gongen har dei attpåtil tinga mat på førehand! Har du ein motorsykkel av merket Triumph og vil slå følgje med dei er det berre å følgje med på bloggen via denne lenkja. Der kan du også lese meir om turen til Strandvik og andre turar dei har hatt tidlegare.
Me ynskjer entusiastane god tur på framtidige utflukter!
[one_half last=»no»](Bileta er tekne av Triumph i Vest.)[/one_half]