Strandvik Open nærmar seg

Det vert dagar med høg aktivitet og mykje liv og røyre i bygda når den årlege volleyball-turneringa, Strandvik Open, går av stabelen.

Turneringa nærmar seg med stormskritt, og me vil gjerne minna på at alle som vil slå eit slag volleyball må melda seg på innan 30. juni. For meir informasjon kring påmelding kan du trykkje her for å komme til nettstaden til Strandvik Open.

På den siste dagen av den fem dagar lange turneringa, laurdag 6. juli, vert finalane kombinert med det tradisjonsrike Strandvikløpet. Då er der berre å få på seg joggeskoa, og bruka det som er igjen av energi for å klokke inn ein dugande tid for litt heider og ære. Me kjem tilbake med meir om løpet og kva anna som skjer på eit av sommaren høgdepunkt, laurdag 6. juli, på eit seinare tidspunkt.

Her er plakaten for hendinga:

Strandvik Open 2013