Strandviknissen flytter på Kletten

Komande søndag, altså 14. desember kl. 16:00, vil eg, Strandviknissen, invitera dykk alle til opning av den nye hytta mi på Kletten.

Ta ein kikk opp mot Kletten, kanskje du ser eit lite lys?

Nissens gode hjelparar.
Nissens gode hjelparar.

Det vert oppmøte på toppen av Kletten kl. 16:00. Ta med dykk hovudlykt då det blir tidleg mørkt på desse kantar i desember, og eg vil ikkje at nokon skal gjere skade på seg. Ta også med gode klede og fottøy. Eg har ønskja meg fint vær, men det er ikkje alltid ein får det ein ønskjer seg sjølv om ein er Strandviknissen.

Etter at eg har ønskja alle velkommen, og klypt snora til mitt nye husvære, vil ein få høve til ta ein titt inne i hytta. Når alle er nøgd med det dei har sett vil eg dela ut noko lite å bita i til alle dei ”små”, og sikkert til dei litt større óg. Alle som vil kan leggja igjen ønskjelista si her oppe hos meg denne dagen. Det blir ei lita luka i døra mi (etter kvart) der de gjennom heile året kan legge igjen ønskjelista dekans. Då slepp de all den portoen, og samstundes får de ein fin fin tur på Kletten med frisk luft og god utsikt, som er heilt gratis å nyta.

Ca. kl. 17:00 går me samla i fakkeltog ned gjennom skogen til Handelslagsfjøra, og tenner bål med alle faklane. Faklane kan de kjøpa hos meg for 20 kroner. Dei blir enten seld på toppen av Kletten, eller ved foten av fjellet. Dette kjem litt an på været denne vinterdagen.

Eg ønskjer alle i heile verda velkommen.

Vel møtt!

Helsing
Strandviknissen