Stikkord: a

  • 17. mai 2012 starta dårleg med grått og trist vêr, heldigvis tok det seg opp og blei ein fin dag til slutt. Her følgjer eit knipe bilete frå feiringa, med leikar og aktivitetar og folk i strålande humør. Har du også knipsa nokre bilete du vil syna fram? Då kan du sende dei til oss…

    Bilete frå 17. mai 2012
  • Fredag er det berre å smøra kjakekokane og pussa danseskoa. Tedna Laidys sparkar i gong kvelden med humørfyllt trening av ansiks- og magemuskulatur. Og her blir det ingen avslapping mellom øktene, så det er berre å vera budd på at åndenød og latterkramper kan inntreffa. Det er diverre ikkje oksygenmasker som heng ned frå taket…

    Med Tedna i tapeten – og treskona i taket
  • Strandvik kyrkje har våre stengd ei tid for å målast og pussast (litt) opp innvending. No opnar kommunen si vakraste kyrkje igjen, akkurat i tide til å ta imot konfirmantane på sundag. Me tok kontakt med kyrkjeverje Harald Geir Sæther. Han kunne fortelje at arbeidet tok til i byrjinga av mars med målingsarbeid utført av…

    Kyrkja er nymåla
  • [checklist] 07:00 – Salutt 11:30 – Leikar 11:30 (- 13:00) – Middagsservering i Grendahuset 12:15 – Opning ved Jon Jelmert med felespelarar 12:30  – Salutt og start av toget [/checklist] Toget går frå skuleplassen, til Ådnavikjo, og tilbake til Bautaen ved kyrkja for kransnedlegging. Songar under toget blir «Ja, vi elsker», «Norge i rødt, hvitt og…

    Program for 17. mai 2012
  • Laurdag var det duka for fellesdugnad i regi av dei frivillege laga i bygda. No er den vakre bygda vår klar for 17. mai og ein aktiv sommarsesong! Det er lenge sida sist så mange var samla til dugnad i Strandvik. Både store og små, tobeinte og nokre firbeinte vener var på plass for å…

    Vårreingjering i bygda
  • Dei tre siste åra har me søkt opptak i bygdeutviklingsprogammet som Hordaland Fylkeskommune har, LivOGLyst. Me har vore assosiert medlem i to år, men i år fekk me tildelt eit eitt-årig prosjekt! Dette er strålande! No er Strandvik offisielt ei bygd med Liv og Lyst LivOGLyst er eit program for lokal utvikling i Hordaland og…

    Liv og Lyst 2012
  • På veggen av grendahuset heng det no ein hjartestartar som Strandvik sanitetsforeining har kjøpt inn til bygda. Hjartestartaren er lett tilgjengeleg midt i bygda, og er beskytta mot vær og vind av eit veggskap. Dette skapet er utstyrt med alarm som skal forhindre hærverk, tjuveri eller anna misbruk. Leverandøren av hjartestartaren skriv følgjande om produktet…

    Hjartestartar på plass
  • I tråd med utviklinga elles i samfunnet kan me ikkje la vår kjære Strandvik hengja etter, dermed erklærer me herved Strandvik inn i data-alderen ved å lansere oss sjølv på den verdsvide veven. Planen for denne nettstaden er å ha ein felles plass for informasjon, nyhende og diskusjon kring Strandvik for innbyggarane, hyttefolk og elles interesserte.…

    Velkommen
  • I år er det midt-bygda som har fått det ærefulle oppdraget med å arrangera 17. mai, og det første møtet vart halde torsdag 8. mars i grendahuset. Innbyggjarane i midt-bygda er blitt fordelt på forskjellege nemnder, og leiaren for kvar nemnd kallar inn si gruppe for vidare arbeid snarast mogleg: [toggle title=» Hovudnemnd «] [checklist]…

    Referat frå 17. mai møte (2012)