Vart Noregsmeister

Strandvikingen Ronald Valvatne har hevda seg i toppen av sine klassar innanfor sykkelsporten nokre år no.

Det starta då den noverande leiaren i Fusa Sykkel såg to kameratar som var ute å sykla, og syntest dette såg kjekt ut. Han la totalt om på treningsrutinane sine. Med det som resultat at han på berre nokre få år gjekk frå å vera på grensa til kroppsbyggjar, til å bli ein smidig og kjapp landevegsryttar.

Blant mange merittar vann Ronald klassen sin i Bergen-Voss rittet i 2013, og allereie under sykkel NM for Masters i Sandefjord same år klarte den spreke 50-åringen bronsemedalje i temporittet for klassen M45-49. «NM Masters» er for øvrig det same som «Veteran-NM».

Årets NM Masters utanfor Ski laurdag 5. juli kunne by på ei kupert og tøff løype. «Eg håpa på medalje og bestemde meg for å køyra hardt opp kneikane og over bakketoppane for å få fart vidare på flatane.» Taktikken heldt til siger i klassen M50-54 i disiplinen Tempo. Sigeren vart endå meir imponerande når me veit at Ronald pådrog seg fleire beinbrot i eit av årets fyrste løp.

Strandvikjo.no gratulerer Noregsmeisteren!