Strandvik Open og Strandvikløpet nærmar seg

Frå og med torsdag 3. juli til og med laurdag 5. juli vert dei sportslege tradisjonane i Strandvik halde i hevd.

Strandvik Open

Torsdag 3. juli byrjar Strandvik Open. Dette vert både turnering og treningsleir for sandvolleyball for alle frå 5 år og oppover. Det er no 7 år sidan arrangementet vart starta opp i den nydelege kritkvite sanden på bygda si idrettsbane. Kvart einaste år har det samla seg nærare 300 deltakarar for å trena og tevla med eit knippe av Noregs beste trenarar i sandvolleyball. I løpet av torsdag og fredag vert det trena og tevla i klassane U13, U15, U17 og U19. Fredagskveld, 4 juli, vert det også arrangert tevling i open klasse for damer, herre og mix. På laurdag, 5. juli, vert Strandvik Open delvis samkøyrd med Strandvikløpet. Då vert det arrangert Mix 4- turnering for bedrifts- og venelag. Ei svært populær turnering med fleire spanande lag.

Påmeldingsfrist for Strandvik Open 2014 er 1. juli. Påmeldingsskjema finn ein ved å trykkje her.

Strandvikløpet

Årets Strandvikløp vert halde laurdag 5. juli. Strandvikløpet er som ein bauta i sportsmiljøet i Fusa. Sidan laurdag 5. mai 1990 har løpet vert arrangert kvart einaste år. Det populære arrangementet tok over for det som tidligare var Strandvikstafetten. I Os & Fusaposten frå 9. mai 1990 kan me lese «Smil og humør prega tilskipinga», noko som etter 24 år framleis er synleg. Mange har fått kjenne mjølkesyra i denne tevlinga, og mange duellar har vorte utkjempa. På det mest populære løpet, «3 km», er det den tidligare OL-syklisten Alemayehu Sitotaw som har rekorden for menn med tida 9.31.8, og Cathrine Stabell Henriksen for damer med tida 11.02.00. Vert desse rekordane slått i årets løp?

Årets Strandvikløp består av «Iskremløpet» for dei minste, «Sentrumsløpet» for dei mellomste og klassikaren «3 km» for alle aldrar. I år får «3 km» også ein eigen gå-klasse (frivillig sjølvsagt) for dei med alderen 60+. Her vert det trekt ut premiar på startnummeret.

Påmelding til løpet, med utlevering av startnummer, skjer i bygda før løpet.

Fest

Om laurdagskvelden, 5. juli, satsar me på lokal kvalitet og ynskjer dykk velkomen til dans med «Tommy och Aftonbandet». Bandet består av Ole Gunnar Eikeland, Håvard Skåtun og Tom Riise med Tommy André Haltbakk i spissen. Dei ber dykk snøra lissene og vasskjemma sleiken, for alt ligg til rette for ein solid svingom på lokalet!
Det vert lada opp til dans med allsong i teltet. Dørene opnar kl. 20:00, aldersgrense 18 år.

 
Ta gjerne ein kikk på bilete og resultat frå tidligare turnering og løp her.

Vel møt!