Vassverket lanserer nettstad

Visste du at Strandvik og Vinnes Vassverk SA vart skipa som eit partlag 7. juni 1968? Og at Sigmund Leigland vart samrøystes vald til laget sin første formann? Dette er nokre av tinga me no kan lese på den nye nettstaden til Strandvik og Vinnes Vassverk SA.

I tillegg til historikken til vassverket kan ein finna alt frå vedtekter, møtereferat, priser på tenester, bilete frå ulike samanhengar og informasjon kring vasskvaliteten du får levert til springen din. Om du endåtil vil ha meir informasjon, eller har spørsmål til vassverket finst det også ein fyldig telefonliste.

Dette er eit godt tiltak for å spreie informasjon, og me håpar at trenden med å lansere nettstader også smittar over på andre organisasjonar.

Nettstaden til Strandvik og Vinnes Vassverk SA finn du på www.sovv.no. Det er også lagt til ei lenkje på «bjelken» øvst på Strandvikjo.no.